Våre medlemmar
Alle er velkomne til å delta i Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære ! Våre medlemmar er i dag lokalmatprodusentar og serveringsstader frå kommunane: Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal.
Medlemmane i Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære er dei som har søkt om å nytte merkevara, og som hukar av for visse kriteriar innan merkevara som matsikkerheit, berekraft, geografisk tilhøringheit m.m. Desse er presentert på vår nettside. Utanom medlemmane har vi også mange fleire lokalmatprodusentar og serveringsstader i Nordhordland.
Det bognar av gode råvarer i vår region: Sauekjøt, fisk, mikrogrønsaker, honning, bær, bakst, ost, geitost, kjekjøt, oksekjøt, grisekjøt, egg, andeegg, spekemat, grønsaker, garnityr m.m. Matfatet bognar med andre ord over, og for dykk som er matintressert og som tenker på viktigheita av kortreist mat er det berre å gjere seg kjent med regionen Nordhordland - for vi har mykje å by på!
Er du lokalmatprodusent, bonde, fiskar eller serveringsstad/utasalsplass som brenn for lokalmat. Ta gjerne kontakt om du ynskjer å verte medlem i Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære!
YNSKJER DU Å VERTE MEDLEM?
Ta gjerne kontakt!
Mail: hildegunn.opdal@regionnordhordland.no
Tlf.: 48 25 55 30