Osterøy Ysteri
Kven er vi?
Velkomen til Lars, Berit og dotter Guri på Osterøy,
på Bernes eller på stølen i Tyssebotn.
Me driv eit familiegardsbruk med ysteri og produksjonslokale og driv støl. Me har norsk mjølkegeit og sau av rasen gammal norsk spælsau og ynskjer å drive berekraftig og å best mogleg nytte dei ressursane garden kan gje heime og ved stølen i fjellet.
Me lagar handverksmat av egne råvarer av mjølk og kjøt. Guri er nå 5.genrasjons yster, pølsemakar og tradisjonsberar i familien.
Noreg gror att av skog og kratt og me ser det viktigare enn nokon gong å ha beitedyr for å halde kulturlandskapet ved like. Difor får både sauane og geitene våre være ute på beite i skog og mark så mykje som mogleg. Det gjer og at dyra våre har ei svært god helse og har ein god trivnad. Om sommaren held me til på stølen i Tyssebotn og både folk og dyr nyter fjell-livet. Geitene er flinke og kjem heim til mjølking morgon og kveld. Om det er dårlig vær kan de få være inne i ein tørr og lun flor eller de ligg og soler seg på svabergene ved eit fjellvatn i finværet. Sauene trekker om sommaren opp til Høgafjellet, det høgste fjellet på Osterøy.
Kva produkt sel vi?
-
Ekte brun geitost
-
Spekepølse av geit
-
Fenalår
-
Morrpølse
-
Saueskinn i ulike fargar
-
Garn
-
Ull
-
Avhengig av sesong kan vi og tilby:
-
Pinnekjøt
-
Ferskt kjøt frå kje og lam
-
Sesongvarar frå eigen hage og naturen rundt garden
-
Etter avtale kan me og ta i mot grupper for omvising i ysteri eller fjøs på garden og på stølen. Eller om nokon vil bli med oss på en kjekk tur i kulturlandskapet ved fjorden eller i marka.
Kor kan du få kjøpt våre produkt?
-
Me har eige gardsutsal.
-
Me leverer og ost til ulike forretningar. Ta kontakt og vi fortel om nærmaste utsal eller avtale om å møtes for levering. Varer kan og sendast i posten.
Kontakt oss:
Berit Ophus, Lars Tyssebotn og Guri Ophus Tyssebotn
Telefon - 90 53 09 39 | 95 77 98 01 | 976 82 629
Mail - lar-ty@online.no