Personvernerklæring
Personvernerklæring for Region Nordhordland IKS,
I samband med Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære
Personopplysningar er opplysningar som kan koplast til deg som person. Det kan vere namn og kontaktopplysningar, men også anna informasjon som kan knytast til deg meir indirekte. I denne personvernerklæringa kan du lese om kva personopplysningar Region Nordhordland IKS (RNI) er behandlingsansvarleg for.
Innleiing
Personvernerklæringa gjeldt lagring av personopplysingar knytt til aktiviteten i RNI, slik som ulik sakshandsaming, prosjektarbeid, påmeldingar til ulike typar arrangement, og andre aktivitetar relatert til selskapet sitt føremål. Den gjeldt også enkeltpersonar som søker jobb i RNI. Målet er å gje overordna informasjon om vår handsaming av personopplysingar.
Behandlingsansvar
Region Nordhordland IKS (RNI) er ansvarleg for all behandling av personopplysingar der me sjølve bestemmer føremålet med behandlinga av opplysningane og dei verkemiddela me nyttar til dette.
Kven er ansvarleg for handsaminga?
I RNI er det dagleg leiar som er behandlingsansvarleg og difor har det øvste ansvaret for personvernet.
Dagleg leiar i RNI er Rune Heradstveit.
E-post: rune.heradstveit@regionnordhordland.no
Personopplysningar som kan verta registrert hos oss
Me handsamar i hovudsak personopplysingar om deg i desse tilfella:
-
Du har sendt oss ei henvending.
-
Du abonnerer på vårt nyhendebrev (UNESCO biosfæreområde).
-
Du har meldt deg på eit arrangement eller konkurranse.
-
Du er folkevald eller tilsett i eigarkommunane, og har kontakt med oss.
-
Du besøker ei av våre heimesider https://regionnordhordland.no/ - https://nordhordlandbiosphere.no/ - https://rnhelsehus.no/ - https://www.smakavnordhordland.no/
-
Du samhandlar med oss personleg gjennom sosiale media.
-
Du har svara på ei digital undersøking.
-
Du har søkt jobb hos oss.
Me kan også motta opplysningar om deg frå andre i slike tilfelle:
-
Gjennom saksdokument eller anna skriftleg informasjon som me får tilgang til.
-
Ein jobbsøkar har gitt deg som referanse.
Uavhengig av om opplysningane om deg er opne for offentleg innsyn eller teiepliktige, slik at dei ikkje vert delte med andre, vil RNI i sitt arbeid få tilgang til personopplysningar.
Bruk av personopplysningar skal ha eit føremål og ein heimel
Føremålet med behandling av personopplysingar i RNI er at tilgangen til personopplysningane er naudsynte for å følgja opp dei arbeidsoppgåvene som ligg til RNI. Les om RNI og arbeidsområda her: Om Region Nordhordland IKS - Region Nordhordland
I vårt arbeid vil føremåla for behandling av personopplysingar vere knytt til:
-
E-post: Vi nyttar e-post for å utføre våre arbeidsoppgåver. E-post vi har motteke vil bli sletta når den ikkje lenger er naudsynt for vår daglege oppgåveløysing.
-
Abonnere på nyhendebrev: RNI sender ut nyhendebrev på e-post til dei som ynskjer. Nyhendebrevet inneheld mellom anna nyhende, informasjon, invitasjon til aktivitetar som kurs, konferansar og liknande.
-
Påmelding til arrangement og konkurransar: Nokon gonger er det mogleg å melde seg på arrangement eller konkurransar via webskjema.
-
Undersøkingar/evaluering/kartlegging: Me nyttar stundom webskjema for å henta inn opplysningar i samband med våre arbeidsområde. Me samlar kun inn namn dersom det er naudsynt.
-
Jobbsøkjarar: Dersom du søker jobb hos RNI, treng me å behandle opplysningar om deg for å vurdere din søknad.
-
Sakshandsaming i kontrollutvala: Enkelte saker inneber at me får tilgang til personopplysningar om partar eller andre enkeltpersonar som vert berørt av ei sak eller ei avgjersle. Slike opplysningar kan koma fram av dokument som kommunen sin administrasjon sender over eller av annan informasjon i høve saka. I enkelte saker kan me også få tilgang til sensitive personopplysningar, f.eks. helseopplysningar eller straffedommar og lovbrot.
Kven me deler personopplysningar med
RNI har ein IKT-driftsmodell der me brukar ekstern leverandør til drift og vedlikehald av våre interne IT-tenester, som arkiv-, og datakommuniksjonsløysingar. All infrastruktur og data er lokalisert innanfor EU/EØS eller land som oppnår eit tilstrekkeleg tryggleikssnivå i høve EU-kommisjonen sine avgjersler.
IKT Nordhordland er vår leverandør av IKT-driftstenester. Dei nyttar underleverandørar til ulike digitale løysingar me nyttar.
Våre leverandørar av IT-tenester (databehandlarar) vil kunne ha tilgang til personopplysningar dersom personopplysningar er lagra hos leverandøren eller på annan måte er tilgjengeleg for leverandøren i høve kontrakten med oss.
Leverandørane opptrer i høve til databehandlaravtale og under vår instruks. Leverandøren kan berre nytte personopplysningane for dei føremåla vi har bestemt og som er beskrive i denne personvernerklæringa.
For RNI gjeld forvaltningslova sine alminnelege føresegner om teieplikt, jfr. forvaltningslova § 13.
Vi leverer ikkje ut personopplysningar i andre tilfelle eller på andre måtar enn dei som er omtala i denne personvernerklæringa med mindre personane det gjeld
-
eksplisitt oppfordrar til dette
-
samtykker til dette eller
-
utleveringa er lovpålagt
Lagring av persondata
Vi vil slette/anonymisere personopplysningar når opplysningane ikkje lenger er naudsynte for føremålet.
Som et offentleg organ har RNI plikt til å føre postjournal etter offentleglova § 10. All korrespondanse i samband med saksbehandling blir journalført.
Lagring og oppbevaring av saksdokument: Arkivlova og arkivforskrifta pålegg oss å oppbevare arkivverdig materiale etter at saka er avslutta. Lagring skjer elles i eit så langt tidsrom vi vurderer som naudsynt. Dette kan vere av omsyn til vår eiga verksemd, fordi ei sak eller enkelte spørsmål igjen kan bli aktuelle.
Rekneskapslovgjevinga pålegg oss elles å lagre bestemte rekneskapsdokument i et nærmare bestemt tidsrom. Når eit bestemt føremål tilseier lagring i et gitt tidsrom, sørger vi for at personopplysningane utelukkande blir nytta for det aktuelle føremålet i dette tidsrommet.
Kven kan du kontakte for meir informasjon eller for å klage?
Alle offentlege verksemder må ha eit personvernombod. Ombodet skal hjelpe RNI å følgje GDPR-regelverket, og er kontaktperson for deg som ønskjer meir informasjon om dine rettar knytt til selskapet si behandling av personopplysningar.
RNI har personvernombod gjennom IKT-samarbeidet i Region Nordhordland IKS/IKT Nordhordland KO.
RNI sitt personvernombod er: Lars Erling Aarland
E-post: post@regionnordhordland.no
Om du, etter dialog med RNI og/eller personvernombod, meiner at RNI ikkje handsamar opplysningane dine i samsvar med personopplysningslova, kan du klage til Datatilsynet.
Trykk her for å gå til Datatilsynet si side om korleis du kan klage.
Dine rettar
EU si personvernforordning (GDPR) gjeld også i Norge. Dette gir deg som innbyggjar rettar knytt til personvern.
Med GDPR får RNI berre lov å handsame dine personopplysningar dersom:
-
det er krav om det i lov eller forskrift
-
du har gitt klart samtykke til det
-
er naudsynt for å utføre ei oppgåve i ålmenta si interesse eller utøve offentleg mynde.
Når RNI handsamar personopplysningar om deg, skal du alltid få vite kva opplysningar som vert handsama, kva dei skal brukast til, og når opplysningane vert sletta. Personvernforordninga gir deg rett til:
-
at dine personopplysningar berre vert handsama for det formålet dei vart innsamla for
-
å få innsyn i kva personopplysningar som vert handsama om deg og om ynskjeleg få kopi av desse utlevert på papir eller digitalt.
-
å få korrigert opplysningar som ikkje er korrekte.
-
å krevje at vi slettar opplysningar (gjeld ikkje opplysningar som vi etter lov pliktar å behalde)
-
å protestere mot handsaminga av personopplysningar (til dømes om formål eller vilkår ikkje lenger gjeld)
-
å få tilgang til personopplysningane dine på eit strukturert, maskinlesbart og brukbart format. Denne retten er omtala som dataportabilitet i GDPR, men den gjeld berre når:
-
når behandlinga ikkje har rettsleg grunnlag
-
når utlevering er teknisk mogleg
-
for opplysningar du sjølv har gitt gjennom samtykke eller kontrakt
-
for personopplysningar som vert behandla elektronisk
-
Meir informasjon om rettane dine finn du på nettsidene til Datatilsynet.
Korleis ber du om innsyn, retting eller sletting?
Ønskjer du å vite kva personopplysningar vi har lagra om deg, eller vil be om at vi rettar eller slettar opplysningar?
Møt opp på kontoret vårt i Fossbygget, Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø. Hugs å ta med legitimasjon.
Vi skal normalt handsame søknaden din innan 30 dagar.
Besøk på våre nettsider
Kva gjer informasjonskapslar?
Ein informasjonskapsel er ein kode som vert send frå vår servar til nettlesaren på din PC når du er inne på heimesida. Denne koden vert lagra i nettlesaren. Når du seinare går inn på heimesida, vil informasjonskapselen verte send frå nettlesaren din til servaren vår, som vil "kjenne att" din PC. Dette gjer det mogleg for servaren å tilpasse tenestene til deg som brukar. Har du til dømes stilt inn for høgkontrast attgjeving ein gong, vil servaren syte for at du slepp å gjere den innstillinga om att.
Informasjonskapslar blir brukt til personalisering, pålogging, språkstyring og for statistikk som brukast til forbetring av nettsidene.
Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) trådde i kraft 1. juli 2013. Lova regulerer vilkår for lagring av opplysningar i kommunikasjonsutstyr - den såkalla "cookie-paragrafen" (ekomlova §2-7b).
Dei fleste nettlesarar er innstilte slik at dei automatisk aksepterer informasjonskapslar. Dersom du ikkje ynskjer å ta dei i bruk, kan du endre innstillingane i nettlesaren slik at informasjonskapslane ikkje vert lagra automatisk. Du kan bestemme om alle skal blokkerast, eller om du skal ha høve til å velje om dei skal aksepterast eller ikkje. Ved å ikkje akseptere informasjonskapslar, unngår du at PC-en din vert "kjend att" på sida du vitjar. Men samstundes må du rekne med å gå glipp av ein del av dei funksjonane som sida elles tilbyr.